Sommar 2014, del 1


God jul og godt nytt år folkens! Eg innser at tittelen på dette innlegget ikkje passar heilt inn med årstida me er inne i, men eg har så frykteleg mange bilete som eg ikkje har somla meg til å legge ut! Så då lyt me nesten gå litt tilbake i tid, for eg har lyst til å legge alt ut i kronologisk rekkjefølge (må jo ha litt orden i sysakene!). I august hadde me 2 veker sommarferie. Den eine av desse tilbrakte me på Stranda på Sunnmøre hjå svigers, og me nytte stort sett tida til turgåing og fisking. Den andre veka stakk me til fjells på Hamlagrø i Voss kommune, på hytta til familien min. Og når eg tenkjer meg om så gjekk det i turgåing og fisking der også! Resten av "sommarferien" hadde me ganske nyleg, no i november, og då reiste me til Kambodsja, via Thailand, og var der i ca. 3 veker. Det var heilt fantastisk! Eg skal sjølvsagt legge ut bilete frå den turen også, men som sagt, eg tek det heile kronologisk.

Her kjem bilete frå del 1 av sommarferien, då me var på Sunnmøre. (Eg må nesten dele det heile i fleire innlegg, for det vert så altfor mange bilete på èin gong!)


Ugla.






Radarparet!

Det tok litt tid å få til desse oppstillingsbileta, for NOKON (les: selungen) nekta å stå i ro i meir enn 2 sekund om gongen.












 Heino får gjennomgå...




 ...og sånn går no' dagan!


 Pappajente.


 








Regn i sikte.




To som ventar tolmodig medan me andre står og fiskar. Okei då, èin som ventar tolmodig! NOKON (les: ein viss liten selunge) var ikkje like tolmodig, og prøvde å stele kvar einaste fisk me fekk..

...to be continued! Og i mellomtida: godt nytt år!

14 kommentarer:

  1. Veldig kjekt å høre fra deg igjen, og veldig moro med mange bilder!
    Godt nytt år, Christina :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! :) og godt nytt år til deg også Nøve!!

      Slett
  2. De er altså så vakre, disse to hundene dine! Når har du tenkt deg på oppdretterbesøk til Halden så jeg får hilst på de??? :D Eller gjør du alvor av planene om å komme til lapphundspesialen på Kongsberg i mars?
    Sier meg enig med Nøve, veldig koselig å høre fra deg igjen, og gleder meg til fortsettelsen! Nå er ikke jeg noe glad i å fiske, men jeg ser gjerne flere sånne naturbilder altså :)
    Godt nytt år!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Kjersti! :) ... har ikkje planar om oppdretterbesøk heilt endå - staffeoppdrettaren "vår" har forresten slutta med oppdrett viss eg har forstått det rett! :( Men lapphundspesialen er absolutt ein moglegheit! Eg trur nesten eg må ta turen, kvart år vert eg alltid så misunneleg på alle lappe-bloggarane som har vore der, etter å ha sett dei fine bildene dei tek. Så eg må vel delta og bli med i "gjengen" eg òg snart!

      Slett
  3. Fantastisk flotte bilder av 2 flotte hunder og vakker natur. Morsomt å se bilde av dere på 2 bein også. Og sier også som de 2 andre, moro med litt blogging fra deg igjen :) Gleder meg til mer.

    SvarSlett
  4. Vilka HELT fantastiska bilder, Kristina! Åh, jag blir avundsjuk på er fina natur! Jag vill verkligen åka till Norge och vandra någon gång, får se om det blir under 2015 kanske! :) Gott Nytt År till er!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen tusen takk Anna! Det er ekstra gøy å få fine tilbakemeldingar frå deg - du er jo ein stor inspirasjon for meg!! :) ...ja, eg syns du skal ta deg ein tur til Norge :) Nyttårsforsett for 2015?

      Godt nytt år til deg også!

      Slett
  5. Da synes jeg absolutt at du skal ta turen til Kongsberg, for som vanlig skal det mye til for at jeg ikke skal dit, det har blitt en tradisjon :) 21. mars er datoen :)

    SvarSlett
  6. Helt underbara bilder! :)
    Måste ta oss till fjällen ser jag. Snart. :O

    SvarSlett
    Svar
    1. Takktakk! :) Godt nytt år forresten! :)

      Slett
  7. Du er så flink med photography! Bruker du photoshop? Jeg ha en stor nikon kamera men jeg trenger å vite lit mer om det så jeg kan ta bedre bilder.... Den første bilde med begge to hundene er helt perfekt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen tusen takk Chrissy!! Veldig kjekt med slike fine tilbakemeldingar!

      Nei eg brukar ikkje Photoshop, men eg brukar Adobe Lightroom. Photoshop er for litt meir avansert redigering, og så langt har eg ikkje hatt bruk for det :p Lightroom gjer jobben godt nok for meg, for eg redigerar ikkje så veldig mykje. Det blir litt småjusteringar her og der, men så langt har det ikkje blitt så mykje meir enn det. I'm still learning! Så eg håpar at eg kanskje litt flinkare til post-processing etter kvart :)

      Slett

© 2010-2014 skvirl.blogspot.no, All Rights Reserved. Drevet av Blogger.