Sommar 2014, del 1


God jul og godt nytt år folkens! Eg innser at tittelen på dette innlegget ikkje passar heilt inn med årstida me er inne i, men eg har så frykteleg mange bilete som eg ikkje har somla meg til å legge ut! Så då lyt me nesten gå litt tilbake i tid, for eg har lyst til å legge alt ut i kronologisk rekkjefølge (må jo ha litt orden i sysakene!). I august hadde me 2 veker sommarferie. Den eine av desse tilbrakte me på Stranda på Sunnmøre hjå svigers, og me nytte stort sett tida til turgåing og fisking. Den andre veka stakk me til fjells på Hamlagrø i Voss kommune, på hytta til familien min. Og når eg tenkjer meg om så gjekk det i turgåing og fisking der også! Resten av "sommarferien" hadde me ganske nyleg, no i november, og då reiste me til Kambodsja, via Thailand, og var der i ca. 3 veker. Det var heilt fantastisk! Eg skal sjølvsagt legge ut bilete frå den turen også, men som sagt, eg tek det heile kronologisk.

Her kjem bilete frå del 1 av sommarferien, då me var på Sunnmøre. (Eg må nesten dele det heile i fleire innlegg, for det vert så altfor mange bilete på èin gong!)

Stavanger


Nok ein gong er eg på etterskot med blogginga mi! Det har vore så fint vêr i det siste, så eg har ikkje vore heilt motivert til å setje meg ned for å skrive. Eg har mange bilete liggande som eg skal legge ut etter kvart, men eg må ta det litt etter litt, elles hadde dette vorte ein megabiletepost.

Velkomen, vår!


Våren er kome for fullt i Bergen.

Agility!


Vilma vart 1 år i helga som var (3. mai), hipp hurra! Det er jo heilt vanvittig kor tida går, det er nesten skummelt. Men tida flyg jo når ein har det moro, er det ikkje slik? For tida med grisen i hus har så langt absolutt vore moro! (....og travel). Bursdagen vart feira på nybyrjarkurs i agility med Bergen Agility Klubb.

Påske 2014


Då var påska over, og det er tid for å bombardere bloggen med bilete frå ferien. Eg har leeeenge planlagt å kjøpe meg nye objektiv til kameraet, og rett før påska fekk eg endeleg fingeren ut! Då kjøpte eg meg to nye objektiv som eg har fått leika meg med i ferien. Her kjem difor tredve tusen bilete frå påska.

© 2010-2014 skvirl.blogspot.no, All Rights Reserved. Drevet av Blogger.